Om oss

Namnet: Då koret vart starta, 24. oktober 2002, øvde me i Bryne frikyrkje.  Ordet ”FRI” er brukt på ulike måtar i Frikyrkja.   For oss var det naturleg å ha eit namn der ”Fri” var med.  Og når det vart eit kor av bare menn, så sa det seg sjølv: Frimenn.   Sjølv om me nå har flytta øvingane til Høyland bedehus, så har me halde på det gode namnet.

Kven: Kven var me på ”jakt” etter som kormedlemmar ?  Me hadde ikkje lyst å laga eit kor for bedehusfolk eller andre som hadde klyppekort i kyrkje eller bedehus. Me ville prøva noko nytt, eit kor med stor bredde i sang og musikk, og med godt vaksne menn som kom frå ulike kulturar på Jæren.  Med utgangspunkt i Bryne tenkte me på kjente og ukjente menn frå Klepp, Time og Hå.  Og på grunnlag av kjennskap og vennskap vart me etter kvart ein god og samansveisa gjeng.

Stil: Utganspunktet er den gamle musikklagstilen, enkel tostemt sang.  Her er det ikkje bruk for  notekunnskap eller stemmeøving.  Men me må ha nokre som er stødige på dei lyse tonane slik at me får til sangane til Kurt Foss og Reidar Bø.

Val av sangar: Plan og mål for Frimenn var å bruka sangar som var så pass kjende at publikum kunne syngja med, i alle fall på dei fleste sangane. Me meinar at me har lukkast med det.  Dei to første sangane som me starta med var «Blåveispiken» og «De nære ting».  Folk melder tilbake at det er kjekt å væra med i sangen.  Etter kvart ville me ha inn eit tilleggsmoment, og det var å få til ein lokal vri.  Spesielt etter at Tobias Skretting begynte i Frimenn.  Av 75 sangar i permen har Tobias skrive 6 og laga nynorsk tekst på ein svensk.  Det er også viktig at me som Jærbuar tek vare på nynorsk.  18 av sangane har nynorsk tekst.

Musikk: Det musikalske fundament i Frimenn er trekkspel og bass.  Men heilt frå starten fekk me med oss ein kar på banjo.  Det siste nye i orkesteret er saxofon, både B-instrument og Ess-instrument.

Over alt: Me syng på mange ulike plasser og tilstellingar.  Med vårt repertoar kan me gli inn over alt hjå eit vakse publikum.

Kristeleg? Me får av og til spørsmål:  Er Frimenn eit kristeleg kor?  Me forstår at folk spør slik, men det var likevel overraskande første gongen.  Me har mange sangar med sentralt teologisk innhald, men også mange andre sangar som handlar om det daglege livet. Her har me funne vår teig og arbeidsmåte.

Speidarlova: Me krev ikkje at kormedlemmane skal ha ei avklara bekjennande tru. Me held oss til punkt 1 i speiderlova:  ”Ein speidar er åpen for Gud og hans ord”.  Er dette greit, så har du ein naturleg plass i  Frimenn.  På den måten har me klart å få til eit miljø der terskelen er låg, døra er høg og porten er vid.  Her er me saman i respekt for kvarandre.  Så får tvil og tru utvikla seg i eit godt og trygt miljø der me ikkje har planar om å pressa nokon.

Tulipan: Dersom du tykkjer at det tek lang tid før tulipanen slår ut i full blom, så nyttar det ikkje å klemma eller pressa på knoppen.  Den må få utvikla seg på naturleg måte i god jord med passeleg blanding av varme, sol og regn.   På same måten trur me det er med menneskene.  Trua kan ikkje pressast eller tvingast inn på folk.

CD: Dei to første me laga var direkte opptak på ei øving i Bryne frikyrkje i 2005 og 2006.  Kvaliteten var likevel brukbar.  Det vart kopiert ca. 200 av kvar, og dei gjekk ut i ein fart  Etter kvart var det eit folkekrav at me måtte laga nye med betre kvalitet og større opplag.

I 2010 var me i Stefanuskyrkja på Nærland med Eirik Bekkeheien, Bekkstudio, som teknisk ansvarleg.  Då song me inn mange av dei same sangane som var med på dei to første.

I 2012 hadde me 10 års jubileum.  Då lagde me ny CD som var spela inn i Time rådhus, kommunestyresalen.  Eirik Bekkeheien var teknisk ansvarsleg også den gong.

I 2015 var me klar med CD nr. 3.  Opptaka er gjort i tidlegare Stefanuskyrkja på Nærland.  Lydproduksjon Bekkstudio -Eirik Bekkeheien.

Siste CD kom hausten 2019 med 16 nye melodiar.  Den er litt meir variert enn dei forrige og har eit par musikkalske bidrag og eit solo innslag.

Her på heimesida kan du klikka deg inn og få ein smakebit på 40 sekund av kvar sang.

Etiopia:  Mesteparten av overskotet frå sal av CD har me gitt til AFRI sitt arbeid i Etiopia.  Dei har drive med næringsutvikling der fattige enkeltpersonar og familiar er satsingsområde.  Etter at AFRI vart lagt ned, har «Hjelp til sjølvhelp» gått inn i dette arbeidet.  Me finn «Hjelp til sjølvhjelp» på Facebook.  Ketil Fuglestad er vår kontaktperson.

Kamerun: Her har me støtta to mølleprosjekt i Sambolabo som hjelper fattige til å mala sitt eige korn, pluss bygging av ei bru.  Terje Øen er vår kontaktperson i eit samarbeid mellom Rogaland bondelag, Bygdekvinnelag og 4H som driv bistandsarbeid i Kamerun.  Me finn meir informasjon om dette arbeidet på Facebook.  Søk opp «Rogalandsgården i Kamerum – Sambolabo»

Nord-Korea:  Me har også sendt pengar nok til å setja opp eit drivhus.  Vår kontaktperson i dette arbeidet er Ketil Fuglestad. Du kan lesa meir om dette arbeidet på heimesida til Evangelisk orientmisjon www.eom.no